Boretillatelse for Gullris
Oljedirektoratet har gitt BG Norge boreløyve for brønn 6604/2-1 jf. ressursforskrifta paragraf 8.
Brønn 6604/2-1 skal borast frå boreinnretninga Aker Barents i posisjon 66°47’1,791” nord og 4°33’34,85”aust etter avslutting av boring av undersøkingsbrønn 6305/9-2 for Det Norske oljeselskap ASA i utvinningsløyve 468.
Boreprogrammet for brønn 6604/2-1 gjeld boring av undersøkingsbrønn i utvinningsløyve 522. BG Norge er operatør med ein del på 40 prosent. Dei andre rettshavarane er Idemitsu Petroleum Norge AS (20 prosent), Det Norske oljeselskap ASA (20 prosent) og Petoro AS (20 prosent).










